KORT BESØK I EIRIK GJEDREM SITT ARBEIDSROM
Av Rune Belsvik

VATN
Golv, benkar og bord er dekt med grått leirstøv. På breie hyller ligg store gipsformer.

Eg jobbar stort sett med eitt prosjekt. Det har vore veldig mykje vatn. Rørsler, bølgjer, livets vatn. Vatnet passerer gjennom alle former for liv og pregar alle levande organismar. Det kan koma frå det indre av jorda, opp i trea og ut i lufta. Det kan. det er jo. vatnet formar og skaper om, seier Eirik.

Det finst nokre ferdige ting her. Det kan minna om skjel eller sjødyr eller sjøplanter.

Eg hadde besøk av ein biolog som kunne det latinske namnet på ein av gjenstandane mine. Eg hadde aldri sett det i naturen sjølv, eg hadde berre forma det ut frå ei naturleg talrekkje. Det viser seg at vatnet sin måte å forma på ikkje er så tilfeldig som vi kan tru. Det er ein symmetri. Det er eit system. Ei naturleg talrekkje.

Du prøver altså å forma verka dine slik vatnet kunne gjort det?

Ja.

Du prøver å etterlikna vatnet sin aktivitet?

Eh. ja. Jo.

I eit lokale like ved står fleire av verka hans utstilt. Eg legg først merke til ein stor, symmetrisk figur med litt svampaktig overflate. Eg tenkjer at om eg rører overflata vil ho gi etter. Men det er hardt. Noko av overflata har ein raudfarge som får meg til å tenkja på eitkvart som kan vera på veg ut i livet.

Fargen skal sjå ut som han kjem innanfrå. Dei farga overflatene er viktige. Noko av det symmetriske er heile tida med. Noko er ferdig i si form. Det er det det er. Kva det no kan vera. Mens anna står liksom og verker etter å bli fullbyrda, og berre er denne verken.

Litt lenger borte står den store turkis-grøne skulpturen, som endrar seg og overraskar etterkvart som eg går rundt han. Eg tenkjer på to menneske som kjempar for å koma frå kvarandre, og koma tettare saman, på ein gong. Det er ein liten skade, ei lita sprekke i dette arbeidet.

Ja, eg likar denne skaden litt også. Den. dette knuste. det.
Det med vatnet er i grunn litt tilbakelagt. Det vi snakka om først. Men vatnet og det umedvitne har noko felles. Det er eit djup. Noko som ikkje er utforska. Noko det er spennande å få kontakt med. Om det stille vatnet kjem i rørsle skjer det noko. Vi er jo sytti prosent vatn.